Tre herrar og ein agent

-eit handlingsspekka samtidsdrama i fire delar
















Herr Iver

Herr Lunde

Herr Heggerud

Agent Arnesen





© F j o n e P u b l i s h i n g 1 9 9 7



Innhaldsforteikning:





Forord til Tre herrar og ein agent 1

Personbeskriving 2

Del I - Preludium - Herr Lunde vaknar 3

Del II - Tropene - ein leikeplass for aldrande herrar 12

Del III - Jerusalem - Julestemning ved Klagemuren. 23

Del IV - I Bergen er det damer 30




Forord til Tre herrar og ein agent


Denne boka er eit eventyr for vaksne barn. Den er smekkfull av handling, og handling føregår over heile verda. Vi følger dei tre heltane, og den skumle agenten på ei spanande verdsomsegling. På den lange turen får du som lesar oppleve kulturelle sider ved mange kjende stadar som til dømes Oslo, Amazonas, New Orleans og Hebron. Våre heltar treffer på turen mange kjendisar og interessange personar, som vi blir godt kjende med. Vi får innblikk i ulike typer religion og skriftspråk. Boka inneheld óg mykje populær-beskrivande teknologi, med store variasjonar av både innhald og omfang. Språket er lettlest for almuen, men inneheld også svært avanserte setningar og forteljarteknikk. Innholdet er sterkt prega av en lystig humor, med ein alvorleg og budberande undertone. Lykke til med lesinga!





Helsing forfattarane


Ivar John Erdal

Lars Erik Lunde

Alfred E. Heggestad

Oddbjørn Arnesen


Vi vil rette ein takk til følgande personar for inspirasjon og hygge:


Morten Nesje

Kurt Sætre

Einar Aaland

Ingebrigt Kyrkjeeide

Sigrid Heggestad

Einar Heggestad

Jan Pande Nilsen

Ingolf Gald Jr.

Jørn Andre Lien

Cato F. Totland


© Fjone Publishing 1997

Personbeskriving



Herr Iver

-Ein herremann med slips

Herr Lunde

-Slesk og slu, med lure planar

Herr Heggerud

-Oppfinnsom og intelligent og høfleg

Agent Arnesen

-Alltid sistemann når ting skjer

Grev Roxxenborg av Lade

-Herr Iver sin reddande engel

Enkefru Gaaztohl

-Tidligere gift med dir. Gaaztohl

Herr direktør Gaaztohl

-Daglig leder for Kattkraftverk

Kaptein Chapteyn

-Styrmann og kokk på SS Fjone

Reinhaldspersonell Vaskesei

-Lett tilbakeståande oppvasker på SS Fjone

Mister Dow Jones

-Finansmann med stil i baren på SS Fjone

Den einbeinte flodhesten Eimar

-Innpåsliten flodhest utan mål og meining

Frøken Maria Umbrelli

-Den skjønne frøken og hemmelig spion

Demokraten Fido Castrup

-Agent Arnesen sin kollega og partner

Ludospelaren Haddam Sussein

-Herr Iver sin gamle barndomsven

Advokat Hr. Staff

-Tilfeldig forbipasserande

Romfarar Nils Tarmslyng

-Ekspert på reiser i rommet

Bente Ruundstucker

-Ekspert på mat i rommet

Onkel MacGryssvert

-Ekspert på utnytting av råstoff

Tarjei Raud-Larsson

-Høfleg handelsreisande i dres

Kaninen Fjone

-Råkøyrar og frekkis

Bertha Umbrelli.

-Veslesyster til Maria Umbrelli




Vi gjer uppmerksam på at alle navn og skikkelsar i boka er fiktive og kan ikkje setjast i samanheng med noko virkelige personar. Dersom nokon skulle føla seg ille tilberedt når dei les dette, vil vi uppmoda om å ta kontakt med psykolog.


Del I - Preludium - Herr Lunde vaknar


Herr Lunde vakna etter ein fuktig aften. Han hadde dårleg samvit med tanke på alle kvinnehjartene han hadde knust kvelden før. Han greip telefonen og ringte sin gode ven, Herr Heggerud, for å prate konsept. Herr Heggerud var i vanry. Han vakna brått av den kraftige lyden frå den dyrebare berbare oak-telefonen. Herr Lunde var i den andre enden og ville diskutere konsept. Plutseleg ringte Iver. Herr Iver hadde nettopp returnert til sin appartement etter å ha snakka fornuft til sin gamle leikekamerat og barndomsven Haddam, og hadde på flyet heim løyst einheitsteorien, som han gjerne ville ha dobbeltsjekka med Herr Heggerud. Herr Heggerud var ein driven mann innan einheitsteori og atomfysikk, med årelang erfaring. Med den store kontaktflata verda over, og med sitt æresverv i den internasjonale klubben for intelligens, MENSA, gjorde han ein svært karismatisk karikatur innan forskarmiljøet. Dette visste sjølvsagt Herr Iver at berre var skryt og falske rykte spreia av Herr Heggerud sjølv, berre i den skumle hensikt å få et større antal kvinnemenneske til å fatte interesse for hans person. Men Herr Iver, framleis utsliten etter ein lang flytur innestengd på kjølerommet saman med klasse 3b frå flyvertinneskulen, brydde seg ikkje om den slags trivialitetar, men gjekk rett på sak;


Herr Lunde hadde gått lei av tullpratet til Herr Heggerud. Han gjekk ut i hagen med sin kostbare mobiltelefon for å tinga eit bord ved vindauga på Grand Cafe. Han var svolten på sniglar. Samstundes hadde Agent Arnesen gått på jakt etter forferdelege og skumle PLO og Mozzadagentar i kjellaren på ein nedlagd bygard på Oslo sin verste austkant. "Bang, bang!" ,sa han, då ein kjempestor og stygg hemmeleg fiendtleg agent hoppa etter han for å ta livet hans, samt sjel og helse. Etter alt dette våset gjekk han, den hemmelege Agent Arnesen, på Grand for å ete sniglar.


Herr Heggerud var sur til sinns og forbanna over desse fryktelege vonde menneska sine baksnakkingar. Han sat i ro og mak på sitt godt skjulte atomfysikklaboratorium med to avsaga Cray maskiner og Stingray kommunikasjonsnettverk. Endeleg var det elleve år lange arbeidet omme. Han hadde utvikla et forferdeleg farleg informasjonssystem. På Grand Cafe ville Herr Heggerud gå for å kvile sin overarbeida hjerne. Der, på nabobordet sat den hemmelege agent Arnesen, som ville stele Herr Heggerud si oppfinning. I rein ryggmargsrefleks greip han sitt bestikk. Herr Lunde hadde på si side oppdaga at agent Arnesen hadde fått fleire sniglar enn han sjølv, til same pris. Etter å ha flådd ein kelner levande gjekk han mot agent Arnesen sitt bord for å få situasjonen oppklart. Då oppdaga han at Herr Heggerud òg hadde noko usnakka med Herr Arnesen.


Uvitande om alt dette gjorde vår helt Herr Iver sin storslagne entré. I same stund visste han det. Han kasta eit blikk mot baren; og ganske riktig, der sat hans gamle fiende, den russiske mesterspionen Maria Umbrelli. Ho hadde sett han. Det visste Herr Iver, og han visste at ho visste at han visste. Såpass visste han. Full av bange aningar, spaserte Iver roleg mot baren. Han hugsa berre så altfor godt, kva som hende sist gong deira vegar møttest, i Hyen nyttårsafta for tre år sidan. "Hm", tenkte Iver. "Skal tru om ho endå brukar det same korsettmerket?" Agent Arnesen var veldig nøgd med at han hadde fått for mange sniglar til sin lunsj. Han lo og kosa seg, då han oppdaga at alle, ja alle, dei andre hadde fått færre sniglar enn han sjølv. Etter mangfaldige suksessfulle oppdrag, hadde den flotte og herlege Agent Arnesen dei flotte damene hengande rundt seg, som fluger på klisne wienerbrød. Han kunne sjå at herrane Heggerud, Lunde og Iver, var sure og gretne på hans udiskutable suksess. Agenten var tross alt både hemmeleg agent, breførar og mykje meir. Etter sin herlege lunsj betalar han reikninga si, og gjev sjølvsagt mykje driks. Eit sus går gjennom den lamslåtte forsamlinga, idét han forlatar lokalet.


Dette registrerte Herr Iver frå augnekroken samstundes som han nådde baren og la si høgrehand på mahogniplata. "Frøken Umbrelli?", sa han og tende pipa si. Dette har eg venta på i tre år, svarte den russiske skjønnheita, og Herr Iver skjøna at noko var i gjerde. "Dø, bananrumpe!", ropte ho, slik at dei gamle ærverdige kelnerane mista tupèane sine i hummar-suppa. Ut av lomma drog ho fram ein avsaga krag, og begynte utan blygsel å plaffa laus mot Herr Iver. Herr Iver, som sjølvsagt var førebudd på slikt til ein kvar tid stramma sine magemusklar slik at kulene prella av, og retta litt på slipset. Lokalet var i full panikk. Herr Heggerud sat under bordet sitt og hadde gjort i buksa. Herrane Arnesen og Lunde sat i ein krok og heldt rundt kvarandre, med sniglar i håret. Herr Iver skjøna at her måtte han ta affære. Agent Arnesen hadde inngått forlik og blitt ein god ven av Herr Lunde, spesielt etter denne spektakulære episoden. Han skjønte av si kløkt at han måtte ta affære. Han fiksa litt på dressen, hoppa fram, og unngjekk på den måten dei livsfarlege avsaga kulene som suste rundt øyrene hans. Med glimt i auget og sjarmerande oppførsel, kunne den fantastiske hemmelege agent Arnesen raskt avvæpne den særs farlege Maria Umbrelli. Han smilte sleiskt til Herr Iver, som han tidlegare hadde kryssa skjebne med , og hoppa vidare, og landa i ein dam av væske som låg på golvet ved sidan av Herr Heggerud. Noko som seinare viste seg å vere den nemnte herre sin urin. Den flottaste agent Arnesen stal Herr Heggerud sitt fryktelege informasjonssystem, og med et judospark knuste agent Arnesen mahognidøra, hoppa ut av Grand Cafe og forsvann frå all verdas etterretning sin horisont for ei stund. Etter agent Arnesen si bråe forsvinning, sat halvparten av Grand sitt klientell i traume. Men Herr Lunde visste råd. Han dansa kontrollert mellom borda, og engasjerte dei flotte fruentimmera med lukkeleg utfall. Herr Iver, som den upålitelege sladreguri han var, telefonerte til det nasjonale politikontor der han melde agent Arnesen og Herr Heggerud sin offentlege urinering. Innan ein time hadde den diktatoriske politiorden pågripe Herr agent Arnesen iferd med å kle seg naken på Karl Johan. Etter ei effektiv rettssak, med Herr Staff som forsvarar, vart Herr agent Arnesen dømd til ti års ubetinga eksil i Hornindal kommune der hesjing og strikking av penisfutteral stod på dagsordenen.


Då det ridande statspoliti kom til Grand Sneglebar, kunne spesialetterforskarar frå Kripos og POT avdekkje at Herr Heggerud fiktive urin i røynda viste seg å være kostbar Fransk Cognac frå tidleg på attenhundretalet. Denne dyrebare Cognac frå det franske riket, spanderte Herr Heggerud på den skjønne jomfru Umbrelli, som likte både hans person og hans oppfinningar godt. Herr Iver var grøn av svartsjuke. Herr Lunde slang av seg dei klisne damene som hang og slang rundt halsen som blodigler, no trengde han forandring. Herr Lunde greip fatt i mobiltelefonen sin og ringde Oslo Børs. Etter nokre minutt var han eigar av RGI. Så gjekk han tilbake til Grand for å snakke litt med Herr Heggerud. Maria Umbrelli fall med ein gong for Herr Lunde sin sjarmerande personlegdom. Herr Heggerud vart fortvila, men var van med situasjonen. Herr Iver hadde sete seg ned ved sitt stambord med den dampande pipa si, og hadde akkurat fått ein ide om korleis all verda sine problem kunne løysast i ei brenning, då frøken Umbrelli kom til bordet hans. Ho utfordra han til tommeltottbryting. Ho stakk nok ein gong handa mellom ferskenane og drog fram herrane Lunde, Arnesen og Heggerud sine respektive lommebøker, pass og snusrasjonar, som ho lett hadde frånarra dei. "For nokon imbesile tullingar" , snøfta ho.


Ein time seinare sit Herr Iver med frøken Umbrelli i Iver sitt nest finaste fly på veg til ein hemmeleg destinasjon i sydhavet ein stad. Dei nippa til Herr Heggerud sin Cognac og den russiske etterretningstenesta si stoltheit smiler lurt til Herr Iver medan ho kviskrar: "Vi hygger oss nå, da vet De".


Det Herr Iver ikkje visste var at óg Herr Lunde var ombord i Herr Iver sitt fly. Han hadde fått nok av den udugelege snigleetande superagenten Arnesen. Akkurat no sat han bak spakane i flyet medan flyvertinnene flørta openlyst med han som best dei kunne. Herr Lunde som var van med den slags brydde seg ikkje om slikt, han hadde andre planar. Herr Lunde sat på autopiloten og greip etter ein av Heggerud sine Cognac flasker som han hadde lurt med seg før han reiste. No skulle han spøke med Herr Iver. Herr Iver vart stiv av skrekk då han såg den elegante Herr Lunde. Han skjøna at han hadde tapt. "Eg trur det er best at du kjem deg ut" , sa Herr Lunde og sette seg ned. Maria Umbrelli var straks på hans trygge fang. "Javel", sa Herr Iver og luska slukøyra mot døra. Herr Lunde lo godt då han såg ut vindauga og såg den usle Herr Iver falle ned gjennom skyene frå tretti tusen fot berre iført ei velbrukt underbukse.


Unge grev Roxxenborg av Lade, ute på sin daglege haifisketur, heva eit augebryn då han var vitne til ein flygande sopp med retning mot sin yacht, Poseidon II. Under den soppen hang Herr Iver og styrte seg mot øverste dekk. Diverre kom dog ein kastevind som istaden slengte herren rett i baugen på lystfartøyet og gav han ein real kilevink. Å vakna for dette vesle fråveret var ei ny oppleving for Herr Iver. Først og fremst fordi han sjeldan opplevde slike fråver, men óg fordi han kjende smaken av den finaste sjampanje i sin munn. Han såg seg rundt, og observang som han var la han merke til ein herremann i kvit frakk, dog med visse raude flekkar, som stirra han rett i augene. "Det vart berre sju og seksti sting i låret men du må nok ta det med ro hjå oss eit par dagar". Grev Roxxenborg av Lade sin skipsdoktor var ein dyktig herremann som visste korleis ein skulle avspasere. Skodda vart brått borte fra auga til Herr Iver, og han registrertete fleire personar kring seg. Forutan skipsdoktoren og grev Roxxenborg av Lade, fleire yppige mademoiseller, tydelig lettkledde og utan særlige skruplar. Herr Iver blei av desse sett over i ein stol og rulla ut på dekk. Der fekk han sjå eit beist av ein blåhai henge med halen opp. Grev Roxxenborg av Lade kom mot han med eit glas som tydeleg innehaldt edle dråpar. "Tusen takk for hjelpa, Herr....?", sa Herr Iver, og smilte til den flottaste sykepleierska som masserte føtene hans med det som var igjen av Herr Heggeruds Cognac. Den elegante herren smilte og skjenka i nok ein drink til Herr Iver. "Mitt namn er Roxxenborg. Grev Roxxenborg av Lade. "Eg må seie at det er meg ei utsøkt glede å endeleg få treffe den store Herr Iver. Eg har alltid beundra Dykk. Heilt frå eg var liten har eg høyrt fantastiske historier om Dykkar eventyr, og...men her står eg og kjedar deg med snakk! Småjenter, ta vare på vår gjest." Dermed vart Herr Iver geleida inn i dei indre gamakkar, medan Poseidon II letta anker. Tida var inne for å avlegge Herr Lunde eit lite besøk.


I mellomtida har våre heltar forflytta seg både i rom og tid. Handlinga føregår no ombord på det supermoderne cruiseskipet SS Fjone. Det teknologifylte skipet er på tur i Stillehavet, fullt av nyrike krøsusar som hyggjer seg med drinkar i solsteiken. Véret er fint, og det er varsla betre vér framover. Den ustabile Herr Lunde har hjelpt Agent Arnesen med å flykte frå det fluktfrie fengselet i Hornindal, og smugla han til cruiseskipet SS Fjone ved å tulle han inn i våte ulltepper og bomull. Arnesen ligg hjelpelaus i hanskerommet, medan Herr Lunde nyt si tid som ungkar i baren ombord. Men kvar har det blitt av Herr Heggerud?


I det same gjekk det eit kaldt gufs gjennom Herr Lunde. Han kika nervøst rundt seg, og tok ein slurk av glaset. Herr Lunde sat fast i baren på SS Fjone, der hyggepianisten akkurat var byrja på "Det går likar no" for fjerde gong på ein halvtime. Herr Lunde hadde ein avtale med frøken Umbrelli. Rundt han sat kjendispensjonistar i alle aldrar, og dei såg ut til å hyggje seg. Den eldste frua hadde sendt lystige blikk til Herr Lunde ei lang stund. Brått kom hyggepianisten heilt ut av det i tredje refrenget, og Herr Lunde trong ikkje sjå opp. Maria Umbrelli, iført ein tettsitjande kreasjon sette seg ned ved sida hans, og bestilte ein trippel whisky uten is. Den tømte ho i Herr Lunde sitt trygge fang, og bestilte ein til. Herr Lunde vart grim i hu.


Vel ombord på SS Fjone slentrar Herr Heggerud bortover dekket. Med sin nystrøkne Armanidres glei han galant inn mellom den intetanande mengda rike pensjonistkjendisar. Dei fleste hygga og koste seg. Herr Heggerud fekk lyst på ein drink i baren. "Eg trur jammen eg vil ta meg ein tur i baren," ropte han. Hengande i ein lett henslengt positur beordra han bartenderen til å servere han ein trippel Glenlivet med to og ein halv isbit. Herr Heggerud likte whisky. Sitjande på sin barstol, med whiskyen og pipa plassert framfor seg, observerar Herr Heggerud ein sleisk mannsperson som sat frekt på den andre sida av baren. "Hmmm," tenkte Heggerud. Han tykte det var noko kjent ved den velkledde herren med bart. Brått reiste den framande seg og kom bort til Herr Heggerud. "Goddag, mitt namn er Jones. Dow Jones."


Alt dette høyrde Herr Iver ved hjelp av sitt hypergeometriske lytteutstyr i lommeformat som han alltid hadde på seg. Herr Iver hang etter ein finger på skipssida, mellom sjette og sjuande dekk. Med den andre handa vinka han farvel til sjukepleierskane ombord på Poseidon II, som endra kursen og segla bort frå SS Fjone. Så bles han ei pil behandla med ei blanding av solkrem, globoid og sekret frå trugefisken i nakken på hyggepianisten idét han la den siste akkorden i "Her blir det liv". Han hadde ikkje venta å treffe igjen Mr. Jones så raskt. Herr Iver hadde ein fisk å sløye med Mr. Jones, etter at han for to år sidan snytte han for aksjemajoriteten i Incontinentia Inc.


Den allereie såre og bitre Herr Lunde reiser seg frå den neddynka i whisky barstolen, og marsjerer i raseri vekk frå den yndige frøken Umbrelli. Han tek sikte på den aldrande, men godt overmodne lystne kjendispensjonistfrua, som har flørta med han frå den toppmoderne Adidas gåstolen. "Kan eg få by den søte frøken på eit glas blekksprutte i min lugar?", ymta Herr Lunde forsiktig fram. Med den største eleganse og etikette geleidar Herr Lunde den stolte enkefru Gaaztohl med sin gåstol fram til kahytten for litt konkelimonke.


Ombord på brua, skal den Kaptein Chapteyn akkurat til å iføre seg dei nye køyrehanskane sine i gresk fåreskinn. Han åpnar roleg og verdsvant hanskerommet, uvitande om den vonde Agent Arnesen sitt illebefinnande. Med eit voldsomt byks, sprett Agent Arnesen fortare enn Rønnerdahl ut av det hanskerom, pakkar Kpt. Chapteyn inn i det våte bomullet, og laken. Etter lang tid som innestengt fange, følte Agent Arnesen at det var tid for maktutøving. Brått var situasjonen endra. Sjåføren på slagskipet SS Fjone, kpt. Chapteyn, låg bedøva i bomull i søplesjakta, og den grusomme og grimme Agent Arnesen stod med kontrollspakane til skipet i dei klamme hendene sine. Han hadde fullstendig kontroll over skipet, og situasjonen. Men dette visste ikkje den underbetalte reinhaldsmedarbeidaren noko om. Ho var på veg inn på brua for å reingjere den for gamle kanapèrester og bomull. Ho gjekk uvitande rundt i skipsgangen og plystra på gamle protestviser. Idét frøken Vaskesei åpna døra til brua, fekk ho til skrekk og grums, sjå si livs store forrasking; Den lusne Agent Arnesen stod med kpt. Chapteyn sine greske fåreskinnshanskar, og styrte milliardskipet i retning Cuba.


Dei tre andre herrane som er hovedpersoner i denne samtidsromanen ante ingenting om kva som føregjekk ombord på brua. Medan dei uvitande rike kjendispensjonistane let seg underhalde av den lette og lite gjennomtenkte underhaldninga til superseljaren Knut Bjørnsen, tusla skipet med toppfart mot Cuba. Ingen ante kva som skulle skje vidare. Men den intelligente og oppvakte Herr Iver hadde mistanke om at noko var i gjerde. Han hadde, ved hjelp av sitt avanserte lytteutstyr, overhøyrt samtalen til Agent Arnesen og den underbetalte reinhaldsmedarbeidaren. I ein fart, forbi hyggepianistar og seljarar, hoppa Herr Iver opp på den bru, og observerte den grumse Agent Arnesen beføle den lett tilbakeståande kvinnelige reinhaldsmedarbeidaren.


Herr Lunde som var lettare tilslørt av kostbar cognac byrja å vakna til liv. Han såg seg rundt i kahytten og oppdaga den gamle frua som hadde satt seg på senga for å la seg sjarmere av den galante Herr Lunde. No som cognacen hadde fjerna seg fra Herr Lunde sin brilliante hjerne endra han planene sine. "Kom deg ut, di mumifiserte røy", grynta Herr Lunde arg. Frua vart forskrekka, men skjøna at herren meinte alvor. Hennar liv fall saman som et korthus etter at Herr Lunde hadde blankt avvist henne. Brått endra Herr Lunde taktikk. Etter å ha tømt blekksprutte over frua og låst henne inn på kahytten, gjekk Herr Lunde ut for å trekke frisk luft. Herr Lunde tenkte at det kunne vere nyttig å ha fruen der i tilfelle han skulle spele Herr agent Arnesen eit puss. Herr Lunde spaserte opp på brua for å gje kapteinen ei skjennepreike fordi fruene her ombord ikkje var av den kvalitet som Herr Lunde forventa.


Det var eit forferdeleg syn som møtte Herr Lunde oppe på brua. Den usle agent Arnesen styrte skipet med skjelvande hand. Agent Arnesen fikk hakeslepp og tunga vart lang som et slips, då Herr Lunde entra lokalet, og freste : "Nu er det nuk, Agent Arnesen." Herr Arnesen var bleik som eit timegamalt lik, medan Herr Lunde følgde han ned i kahytten der han under tvang skulle tilbringe nokre timar saman med den lusete enkefru Gaaztohl, som Herr Lunde hadde avvist. No var det Herr Lunde som hadde kontrollen over SS Fjone. Herr Lunde skifta kurs, han hadde lyst til å sjå tropene. Frøken Vaskesei hadde inga aning om kva som føregjekk ombord på den interkontinentale supertankaren.


Den underbetalte frøken Vaskesei sat innelåst i bøttekott saman med den lumske Herr Iver, der ho kviskra søte ord i Iver sitt skitne lausøyre. Den lettlurte Herr Iver fall galant for den reinslige frøken, og kviskra dei søtaste ord tilbake. Der satt dei, Herr Iver og frøken Vaskesei, i bøttekott ombord på cruiseskipet SS Fjone, og kviskra søte ord i den andre sine øyrer. Herr Iver hadde lagt sin elsk på den skjønne jomfru med svaber og kost. Gløymt var alt, om skumle agentar som luska faretruandre rundt omkring, og hyggepianistar frå Trøndelag. No var det berre ein ting som stod i det vasstrukne hovudet til Herr Iver. Det var å få den skjønne frøken til å danse jenka i sengehalmen på hans luksuriøse lugar. Han tok den magre mø under sin arm, og rusla ned frå brua, utan å leggja merke til den stolte Herr Lunde som navigerte cruiseskipet SS Fjone med stø hand i greske fåreskinnshanskar, med kurs for tropesol og palmesus, og la på sprang mot brudesuiten som Herr Iver hadde tinga via internett.



I same augneblinken sat den stadig meir overberusa Herr Heggerud, og førte intellektuelle munnlege samtaler med den interessante herren Mister Dow Jones. Dei sat og diskuterte avansert verdsøkonomi. Mr. Jones følte at han hadde noko å læra av den lure Herr Heggerud. Av den munnlege samtalen kom det fram, at Mr. Jones i sitt tidlegare liv hadde jobba med ulike indeksar ved New York Børsen. "Herregud!", sa Heggerud, som hadde gått lei av den fjåsete monologen. Han tinga ei flaske fransk cognac, samt eit glas kaffe. "Øøøhhhh, værra me mæ hjem!", ropte han til Maria Umbrelli som hadde luska seg fram blant styrtrike minstepensjonistar til baren. Mister Jones og Herr Heggerud hadde funne tonen, og sjikanerte dei andre gjestene innan ein radius på fem meter. Frøken Umbrelli takka ja til Herr Heggeruds store overrasking, og følgde den aldrande legenda til hans kahytt. "Mister Jones!", fresa Herr Heggerud. "Du er ikkje velkomen meir i denne samtidsromanen!"


Natta senka seg over skipet og nokre av våre heltar låg på sine respektive og respektable kahytter, Herr Lunde stod ved sin post. Herr Iver sine tankar om reproduksjon hadde falle i grus då den unge frustrerte mø hadde sovna i samme sekund som Herr Iver hadde freista å leggja sine klamme hender på henne. Herr Arnesen var ikkje nøgd med sitt selskap for natta, han surmula på si pute medan den gamle fru fortalte eventyr om bjørnar og store elefantar. Herr Heggerud sat innelåst på badet på sin kahytt. I badekaret låg eit livlaust lik i eit hav av globoid og ribbefett. "Lik i badekar virkar jo ikkje positivt inn på ein", tenkte Herr Heggerud. Liket var den lugubre hyggepianisten frå Trøndelag ein stad. Maria Umbrelli satt på senga og drakk Cognac rett frå Herr Heggerud si flaske


Dagen etter stod sola høgt på himmelen. Herr Iver den lusne klovn, var innsmurt i ribbefett og bomull. Han låg på soldekk i klovnedrakt og nippa til eit glas surmelk. Magen hans var i ulage etter den lite vellukka natta med Vaskesei. Langt i det fjerne såg han regnskogen i Herr Lunde sitt tropepardis. Det var ikkje ein pølsekiosk å sjå. Herr Iver drøymer at han er ei frontlykt på ein gammal Ford Granada. Han likar ikkje at bilen køyrer fort, fordi då klistrar det seg mange fluger og moskitos på lykta, og han får ikkje ført samtaler med den andre front-lykta. Han funderer sterkt på kven den andre frontlykta kan vere?


Agent Arnesen hadde kome seg ut frå kahytten til den gamle frua. Ved sida av den gamle enkefrua hadde han lagt ein tulipanbukett i dei flottaste fargar, slik agentar har for vane. Han inntok sin frukost på soldekk, kun iført skitne sokker og underbukse. Agenten hadde ikkje gjenkjent Herr Iver, der han låg langflat i klovnedrakt og bomull, drøymande om frontlykter. Han syntest ikkje handlinga ombord på båten var særleg lesarvennleg. Han ville gå tørrskodd i land. Herr Lunde sitt tropeparadis verka brått forlokkande. Men kva skulle til for at handlinga ville føregå ombord i tropene?


Nede på botnen av det mørke slagskipet, sat Herr Heggerud og ausa kaldt vatn inn i den allereie synkande skuta, kun ved hjelp av ein rusten blikkboks med gamle joikakakerestar. Kaos og dårleg stemning herska ombord, medan det gigantiske skipet sank med mus og mann og klovnar. Iver tenkte at det var best å kome seg i land. Kun i ført klovnedrakt og globoid, hoppa han så lang han var overbord, med ribbefettet drypande frå skuldrane sine. Agent Arnesen følgde med, og Herr Lunde sat på Iver si skulder, samstundes som han symde mot land. Herr Heggerud padla skrekkslagen mot tropane, i sin trufaste joikaboks. I horisonten kunne ein skimte det; eit synkjande spøkelsesskip, lamslått publikum og bomullsdottar. Forfattaren følte at han var i ferd med å misse kontrollen over denne moderne samtidsdramaet. No var det på tide å starte på del to.

Del II - Tropene - ein leikeplass for aldrande herrar

Vi er no klare for å presentere del to av denne skumle samtidsromanen. Del to handlar om tropane. Vi kan garantere at her ikkje vil førekome korkje bomull, ribbefett eller klovnedrakter. Lukke til med lesninga.


Herr Lunde gjekk til den vesle landsbyen like ved stranda for å skaffe seg cognac og ein kamel. Han rekvirerte kamel og sette i fullt trav inn i jungelen. Han såg fram til eit liv utan cognac. Herr Lunde hadde sine planar klare. Kva han skulle, visste han ikkje, han ville berre vekk frå dei usle herrar og agentar som hadde hengt etter han som klegg heilt sidan han åt sin sniglelunsj på Grand. Etter ein times trav tok Herr Lunde tak i eit dyr han aldri hadde sett før og åt det med hud og hår. God og mett la han seg ned på eit fikenblad for å kvile middag.


Iver kravla seg i land med Herr Heggerud på ryggen. Han hadde sett at Herr Lunde hadde sneke seg vekk. Det viste seg at Herr Lunde hadde teke den siste kamelen, full av otte leigde Herr Iver ei vakker kvinne til å bære han på ryggen sin.I villt ritt gjennom den grufulle Batmahatma-jungelen i det skumle Amazonas, rauta Iver: "Amazonas, her kjem eg!"


Herr Heggerud fekk med eitt auge på agent Arnesen idét han kom ut frå Batmahatma Namneskiftebyrå, der han hadde skifta namn til Agent Armesen, i eit snedig forsøk på å lure dei iherdige herrar sine attempt på å fange han. Lettlurt som Herr Heggerud var, let han seg straks lure. Agent Armesen nytta den ytterst sjeldne sjansen, og la i full galopp på ein stolen kamel på veg ut i jungelen med Herr Heggeruds livsfarlige informasjonssystem i dromedarens hanskerom.


Brått fekk Herr Iver frå toppen av ryggen til den vakre kvinna auge på Herr Lunde som låg og sov søtt i sin skjønnheitssøvn på toppen av ein livsfarlig planteetande palme. Herr Iver mata straks den vakre kvinna med ribbefett og auka farten eksponensielt for å få forsprang på Herr Lunde og fange Armesen, som i røynda viste seg å vere Agent Arnesen forkledd.


Herr Heggerud sprang det han hadde lært gjennom jungelen, på ryggen av den einbeinte flodhesten Eimar. Brått kom dei til ei lysning i den jungel, full av grufulle flugeskremsel. Flodhesten fekk full panikk, og hoppa opp i armane til Herr Heggerud for å søke trøst og støtte i ein vanskelig situasjon. Herr Heggerud hadde ikkje tid til slikt sentimentalt tull, uredd storma han vidare, med tropehjelmen på snei. "Eit kattkraftverk!" ropte Herr Heggerud gjennom ein rosindreven ropert.


Midt i den ugjestmilde jungelen møttest Herr Lunde og Armesen på ein fin rasteplass. "Ahh" sang Herr Lunde begeistret, "Agent Arnesen, formodar eg?" "Der tar De nok skammelig feil," lo den falske agenten sleskt attende. "Mitt namn er Armesen. Blikkenslager, hestehandler og vispesnekkar frå Tistam ein stad. Eg er på veg til det årlege vispesnekkarseminaret i New Orleans" "Orsak, eg må ha forveksla Dykk med ein annan," sa Herr Lunde og raudna. "Lukke til på vispesnekkarseminaret!", føyde Herr Lunde til og la på sprang med friskt mot i retning kattkraftverket som han i skrivande stund ikkje visste noko om.


Dette visste Herr Iver sjølvsagt om. Han hadde overhøyrd den diskrete og høflege konversasjonen mellom Herr Lunde og den mystiske vispesnekkaren Armesen. Iver hadde ikkje tru på den langvegsfarande hestehandleren sitt underfundige vitnemål. Noko mistenksamt var i eiming. Men Iver brydde seg ikkje om den slags bagatellar. For nemlig, midt inne i den stinkande Amazonas-ørkenen, fann ein storstilt demonstrasjon av kvinnesaksførekjemparar, som delte ut gratis pamflettar og laupesetlar, stad. Frøken Vaskesei stod i fremste rekkje og svinga moppen høgt mot sky og ropte ukvemsord til fordel for flettebefengte evenukkar. "Ned med Kattkraftverk, ned med Kattkraftverk!", stønna ho demonstrerande.


Desse observante evenukksaksførekjemparane var ikkje mindre observante enn at dei la merke til Herr Iver sine sekstisju sting i låret, plystra høgt "Puittpuitt, puitt!" samstundes som Herr Iver ikkje lenger følte grunnen under fotsålane. Den lett tilbakeståande frøken Vaskesei sin mopp sveipa så vidt tåspissane til Herr Iver før han seks minutt etter vart løfta over kanten til den unge Grev Roxxenborg av Lade si ballongkorg. Under seg fekk han eit glimt av den tidlegare innleigde noverande evenukksaksførekjempar slå seg saman med dei andre evenukksaksførekjemparane. Unge Grev Roxxenborg av Lade var ute på si daglege ballongferd med Ikaros II over Amazonasjungelen idet han oppdaga sin nye ven mellom evenukksaksførekjemparar under palmekrunene då han kasta ned redningskroken og fekk straks huka tak i Herr Iver. Herr Iver var snar til å kose seg blant dei kvinnelege sjukepleiar-studinene som utan å mukke tok til med sårstell og etterbehandling av framståande kroppslekamar.


Unge Grev Roxxenborg av Lade hadde, som den gode ven han var av Herr direktør Gaaztohl i Amazonas Jungelkattkraftverk, divisjon Batmahatma, fått ein bunke gratisbillettar til dagens omvisning i det miljøvennlege kattkraftverket. Desse forærte han gavsamt til Herr Iver, og strauk kjærleg over ryggen på sin grasiøse, raudhåra skjønnheit av ein katt. Herr Iver og dei to flottaste kvinnelege sjukepleierskestudinene gjekk av på ballonghaldeplassen utanfor porten til kattkraftverket, og Herr Iver tente seg ei rask formue på å selje gratisbillettane til dei fattige jungelindianarane, og i forvirringa sneik han til seg gratis kroppskontakt mellom høvdingar og portvakter før han lurte seg inn.


Vel inne i det sagnomsuste Kattkraftverket tok omvisninga til. Herr direktør Gaaztohl viste stolt fram mesterverket sitt; Eit kraftverk som produserte mengdevis av energi, basert på energien i frå ein daud katt. Han forklarte stolt til publikum, at energien frå ein daud katt var nok til å holde eit samfunn med rikelig energi i fleire generasjonar. Publikum var tydelig imponert, og nikka samtykkjane, etterfulgt av ein klappsalve av jubel som hedra den æresrike Herr direktør Gaaztohl. Men ikkje alle var einige i denne framstillinga. Utanfor det miljøvennlege fylkeskommunale Kattkraftverket stod det hordevis med demonstrantar frå Natur og Barndom. Den subsidierte mengda av indoktrinerte venstrevridde hytta med neven, når den småborgerlige Herr direktør Gaaztohl viste seg på verandaen til kraftverket. Han brydde seg ikkje om slike trivielle bagatellar.


I mellomtida var den forkledde Armesen, under falskt namn og tittel, godt på veg til Cuba, for å avlegge Fido Castrup eit vennleg besøk. Han insisterte på å selje Herr Heggerud si livsfarlege oppfinning til demokraten og folkerettsførekjemparen Fido. Herr Iver følte at no var det på tida å runde av. Det gjorde han.


Dei tre herrane var alle ute etter å kleppe tak i Agent Arnesen. Det skulle vise seg å bli vanskelig. Av personvernårsaker hadde den usle Agent Arnesen, som tidlegare fortalt, skifta namn til blikkenslager, hestehandler og vispesnekkar Armesen. Dette let både Herr Heggerud og Herr Lunde seg lure av. Men ikkje Herr Iver. Han hadde overhøyrt samtalen og ante uråd. Iver måtte på død og liv få tak i Herr Heggerud si livsfarlege oppfinning, som den usle og forkledde agenten hadde stole. Han skulda ei tjeneste til sin gamle barndomsven og ludo-partner, Hassam Suddein. Dette skumle informasjonssystemet ville nok blidgjere Hassam, tenkte Iver. Men den godtruande Herr Heggerud måtte skaffe tilbake sin oppfinning, som han mista på Grand Cafe i heimlandet Noreg. Han visste at dersom oppfinninga fall i uvedkomande sine vonde hender, ville både sivilisasjonen og menneskeslekta stå i fare for å bli utsletta. Herr Heggerud måtte stele den tilbake i tide, før agent Arnesen nådde fram til Fido Castrup. Ville han nå fram i tide?


Herr Lunde derimot, var etter Agent Arnesen av heilt andre årsaker. Under den høflege diplomat-lunsjen på Grand Sniglebar, hadde Agent Arnesen sprunge frå rekninga si, og Herr Lunde måtte betale for dei begge. Dette var eit sviande nederlag for den stolte herren, og no var han på god veg inn i jungelen, forbi tropene og ut i ørkenen, med berre ein tanke i det vasstrukne hovudet sitt; Å krevje den slue agenten for sparepengar sine, og deretter vrenge han med sitt lange luse hår innover.


Det var klart og tydeleg av situasjonen at den forkledde agenten hadde fullstendig overtaket. Godt visste han, at dei tre herrane var rett bak han, i fullt firsprang. Men likevel, roleg som ein kar han var, la han seg høfleg ned foran ein palme, og tok seg eit drag av sigaren han hadde stole frå den blinde hyggepianisten. "Ah. Eg trur eg vil ta meg ein liten høneblund", grynta han. Og som sagt, så gjort. Den usle agenten som gjekk under falskt namn sovna roleg inn i ein jungelen, stor som ei fotballbane.


Ikkje langt unna, kom Herr Heggerud og den trufaste einbeinte flodhesten Eimar, ruslande bortover jungelen. Dei diskuterte ivrig, om alt frå miljøvern til dyra sine rettar. Det var klart at dette var to samfunnsengasjerte karar, som var gløgge og oppvakte. Haltande på sin einaste fot, ramla brått flodhesten Eimar og rulla som ein kråkebolle bortetter tropane. Han hadde snubla i ein mystisk gjenstand. Den nyfikne Herr Heggerud plukka opp gjenstanden, og observerte han med argusauger. "Hm...", sa han undrande, og følgde på med "Tja", og eit lite "Aha!" "Det er ein visp!", ropte han ut i glede og fortvilelse. Og ganske rett, det viste seg å vere ein av den forkledde Armesen sine vispar, som han skulle vise fram på vispesnekkar-seminaret i New Orleans, som han hadde mista uheldig ut av si sidetaske. "Ergelig for han, bra for meg", tenkte Heggerud. Han holdt den ekle gjenstanden bortåt mulen til flodhesten Eimar, og han snusa i veg. Eimar var ein dyktig snusar. Med eit iskaldt gufs, la han på veg inn i den mørke og tettvaksne jungelen, i full galopp retning Armesen.

Den uvitande forkledde agenten låg under palmebladet i sin djupaste søvn. Han drøymde at han var eit stort og farleg mangledyr. Brått vakna han frå sitt livs verste mareritt, og såg rett i augeepla til den snusande flodhesten Eimar. Den forkledde agenten vart frå seg av redsle, og mista alt han hadde av vispar, blekk og hestar, og la på fullt firsprang inn i den slukande jungelen. Men det skulle vise seg at dette ikkje var den usle Agent Arnesen sin solskinnsdag. For rett rundt hjørne av ein kjøtetande palme, snubla han i noko ribbefeitt som låg og slang. Han ramla rett ned ei maurtue, og fekk eit tonn med bomull over seg. Han var fortapt, fast-klistra av ribbefeitt og bomull. Dette var den snarrådige Herr Iver sitt meisterverk. Han stod ved sida av, og lo rått. "Hehe", lo han sleiskt. Rundt hjørne kom òg Herr Heggerud, og fekk til stor glede observert den usle agent Armesen liggje hjelpelaus og skrike fortrengde rop. "Kvifor plagar du denne stakkars vispesnekkaren, Herr Iver?", sa Herr Heggerud inkjeanande. Herr Iver svara stolt: "Herregud, Heggerud. Det er ikkje ein vispesnekkar, det er den forkledde og ettersøkte superagenten Arnesen.... "


No var det lenge sidan Herr Lunde var blitt nemnt, ja opptil fleire sider. Han følte at han måtte kome til orde igjen. Herr Lunde hadde vandra åleine gjennom Amazonasørkenen i fleire veker og dagar, og han var trøytt og sliten. Det var ikkje ein skugge å sjå på fleire mils avstand. Men i horisonten kunne han så vidt skimte eit storslagent byggerk. Herr Lunde kraup utmatta bortover den nedsletne ørkensanden. Det skulle vise seg at det var eit romfartssenter, ja faktisk romfartssenteret Kapp Karneval. Herr Lunde sneik seg forbi sikkerheitsvaktene, og ramla sidelengs inn i eit romskip som var på veg til Mars. Det ante han lite om, men svolten som han var, bar det inn til kantina, for å stappe noko etande ned i den forbrente halsen hans. Brått rista heile romskipet, og sette kursen gjennom atmosfæren, med retning Mars.


Tilbake i jungelen sat Herr Iver, Herr Heggerud og den usle Agent Arnesen. Iver oppdaga akkurat at Herr Lunde hadde stole mobiltelefonen hans. Iver vart arg til sinns, tok oppfinninga frå agenten, og la på veg mot romfartssenteret Kapp Karneval. Han rakk såvidt halv ni romferja til romstasjonen Irr. "Ergeleg altså", grynta den avslørte agenten faretruande.


Vel ombord traff han den legendariske romfararen Nils Tarmslyng. Han presenterte seg høfleg som Herr Iver, og fortalde at han var på veg til Mars for å skaffe tilbake mobiltelefonen sin, som den frekke Herr Lunde hadde stole frå han. Nils syntest at det var frykteleg dårleg gjort, og bestemte seg for å hjelpe Herr Iver på hans lange reise mot Mars. Då dei omsider dokka seg fast ved romstasjonen Irr, fekk dei leigd ein brukt romrakett for ein billeg penge, og satte kursen mot Mars, for å gjere opp med den slue Herr Lunde.


Langt inne i den illeluktande jungelen, sat Herr Heggerud og Agent Arnesen tilbake og diskuterte kven sin feil det var at situasjonen var som den var. Etter lang tids krangling fann dei ut at dei måtte finne tak i Iver igjen. Agent Arnesen tok ein telefon til Fido Castrup, som straks ordna eit privat romfly. No var det duka for hevn, denne gongen frå Agent Arnesen si side. I det cognacdrevne privatromflyet fann Agent Arnesen seg straks vel til rette hjå Skaane husmorskule sin avgangsklasse, på ekskursjon til Mars for å lære seg å lage mat under ekstreme tilhøve.


Som den geniale herremann han var, vidarekopla Herr Iver sin eigen mobiltelefon til seg sjølv i ei evig løkke, og blokkerte effektivt den sleiske Herr Lunde sine forsøk på å ringe gratis til utlandet. Dette tykte Nils Tarmslyng var lurt. Som den lokalkjende turistguiden han var, visste han ein lur snarveg til Mars, slik at Herr Iver kunne kome den usle Herr Lunde i forkjøpet.


Herr Lunde sat i kantina på romferja og hygga seg med triple laksesmørbrød som gjekk ned på høgkant. "Det var jammen godt med litt mat i skrotten," brølte Herr Lunde. Han var lettare irritert på Herr Iver sin mobiltelefon, som etter fleirtallige forsøk ikkje hadde klart å ringe til hans gamle veninner i Thailand for å invitere dei på hyggestunder. "Usj!" sa Herr Lunde, og goblunka til serveringsmedarbeidaren som serverte han ein ny runde laksesmørbrød. Herr Lunde ville på toalettet for å blåse i sin belg. Der traff han frøken Maria Umbrelli, som hadde vunne ein gratis hyggetur til Mars i det internasjonale husmorlaugsforbundet sin daglege julekonkurranse. "Usle knekt!" snøflar Maria høfleg til den sjokkerte Herr Lunde som ikkje hadde venta å treffe den alkoholiserte frøkena igjen så snart. Han fann straks ut med seg sjølv at han ved neste høve ville ta ein grundig gjennomgang av sine kvinnelege preferansar. I neste nu låg han hjelpelaus og flaut rundt mellom gamle ekskrement. Frøken Umbrelli hadde trykt den forsvarslause Herr Lunde ned i den store mahognitelefonen, og tuska til seg Herr Iver sin dyrebare mobil. "Farvel, lundefulle Herre," sa ho medan ho drog ondskapsfullt i mahognitoalettsnora. Herr Lunde var ute og køyre.


Stolt leverte Herr Heggerud sin omfattande CV til Herr Direktør Gaaztohl. Han ville satse på ein karriere som reinhaldsmedarbeidar på kattkraftverket, for å få sjansen til å studere det teknologiske vidunderet på nært hald over ein periode på fleirfaldige år. Han skjønte at det elleve år lange arbeidet på det fryktsame farlige informasjonssystemet var til ingen nytte. Herr Heggerud ville starte på nytt.


Vel framme på Mars vart Herr Iver og Nils Tarmslyng tekne vel imot av forkvinna i Sveriges husmorforbund som kunne by på romuhyrekompott laga under ekstreme forhold. Det sprang tre- og fembeinte romuhyrer rundt på alle kantar, og Herr Iver følte seg som heime. "Dette må vi gjere oftare," grynta han glad til Tarmslyng. Takka vere den raske snarvegen dei tok, hadde Herr Iver og Nils Tarmslyng god tid til å hyggje seg med forkvinne Bente Ruundstucker før den ekle mobiltelefonsnapparen Herr Lunde viste seg. Ho diska opp med eit flott galaktisk langbord med dei lekraste rettigheitar. Alt frå Tjetjensk kaviar og eplekjekk til cognacflamberte sviskepizzaer. Iver tok godt føre seg av dei fløytegratinerte kanapérestane. Nils Tarmslyng strekte diskrét fram ei skjelvande hand etter noko å bite i. Dei hadde ikkje smakt etande mat på i underkant av fire år og månader.


Agent Arnesen parkerte det cubanskregistrerte romskipflyet sitt på korttidsparkeringsplassen på Mars. Vettskremd oppdaga han at han var lens for småpengar til å putte på korttidsparkometeret. "Ja, ja, pyttsann!" ropte han som den lettsindige eventyraren han var. Idét han sprang fortvila rundt på planeten for å snuse opp Herr Iver, oppdaga han til si store glede sin gamle heimkunnskapførelesar, Bente Ruundstucker. "Neimen i alle dagar! Kva gjer du på desse kantar?" Begge lo godt i fleire minutt. "Ja verda er neimen ikkje stor!" ropte Bente Ruundstucker tilbakeholdande og inviterte den ikkje lenger hemmelege Agent Arnesen på kaffi med noko attåt. "Nu skal vi jammen hygge oss og prate om gamle dagar." Og dei hygga seg det beste dei hadde lært. Men kor har det blitt av stakkars Herr Lunde?


Herr Lunde var blitt eit offer for moderne kvantefysikk, der han flaut hjelpeslaus rundt om kring i det svarte verdsrommet, i ei klynge av ekskrement og kloakk som sugde seg fast i han. Hadde han berre hatt Herr Iver sin mobiltelefon, som han så frekt stjal, kunne han kanskje ringt etter hjelp. Han angra seg litt, og med kun ein rusten lommekniv som han fekk i konfirmasjonsgåve av onkel MacGryssvert å hjelpe seg med, konstruerte han ein sekvensiell sjutrinns bærebjelkerakett i rustfritt stål, med mahognydekt barskap og halvautomatisk peilesystem for interkontinentale mobiltelefonsignal i det ytre rom. Herr Lunde var ovanpå. Han lot autopiloten navigere mot Mars, medan han nytte eit glas nykokt tran i det nykonstruerte romskipet sitt, som han ikkje hadde døypt endå.


No er ting i ferd med å skje på den Mars. Agent Arnesen har nyss fått auga på den glupske Herr Iver, iferd med å setje fast ein fløytegratinert kanapérest i halsen. I farten gløymer han all skikk og bruk, og styrtar med eit byks mot Herr Iver, før Bente Ruundstucker har gjeve agenten utan manerar Arnesen lov til å forlate mahognybordet. Iver blir livredd, og svelgjer i angsten og forvirringa som oppstår, den fløytegratinerte kanapéresten utan å verken tyggje eller svelgje. Han kastar resten av kanapérestane med stor kraft mot den usle agenten, men ser til si store fortviling at dei prellar av den sinte agenten. Agent Arnesen er nemleg iført sin faste kanapésikre jumper. Iver skjønar at her er retrett den einaste løysinga, og han ruslar avgarde i ein valdsam fart, med den Agent Arnesen på slep.


Unge Grev Roxxenborg av Lade, ute på sin daglege rundtur til Mars med romferja Jupiteer II, får straks auge på sin gamle og sterkt forkomne ven, Herr Iver, ruslande hjelpeslaus nede på den raude planeten med den sinte agenten etter seg. Han tek straks affere, og kjem den usle agenten i forkjøpet. Ved hjelp av sitt nyutvikla strålepartikkelakseleratorinstrumentet, blir Herr Iver sugd ombord, raskare enn lyset. Den sterkt forkomne og medtekne Herr Iver vert straks teken hand om av unge Grev Roxxenborg av Lade sin særs kontinente romskipsdoktor og fleirfaldige kvinnelege sjukepleiarstudiner som ikkje klarar å skjule si begeistring for den tapre Herr Iver. Gjennom vindauget kan Herr Iver nøgd studere Agent Arnesen hytte med neven mot Jupiteer II medan han trøysteet fløytepusgratinerte kanapèrestar.


Herr Lunde landa trygt i sin nykonstruerte farkost og hoppa ut. Nå skulle han finne den usle agent Arnesen for å fakturere sniglerekninga som agenten stakk av frå. Herr Lunde brydde seg ikkje om pengar, det hadde han nok av, men den usle agenten skulle gjere opp for seg. Det hadde Herr Lunde bestemt, han likte ikkje snusk. I det fjerne såg Herr Lunde ein flokk småborgarlige som stod og hang. I den flokken var også den usle agent. Herr Lunde rusla fram til Arnesen. "Nu skal du få, din lusne knekt", sa han og stappa fakturaen frå Grand ned i gapet på agenten. Agent Arnesen vart vill av skrekk på grunn av den handlekraftige Herr Lunde. Han spydde opp ei blanding av ribbefett og sniglefaktura. Agenten visste at han hadde tapt og trygla om nåde. Herr Lunde flira hånleg og spaserte tilbake til sitt romskip for å vende heim. Herr Lunde følte eit snev av stormannsgalskap, og opna ei flaske cognac. Herr Lunde ville bli despot og diktator med heile verda som leikeplass.


Tilbake på jorda stod folk i kø for å hylle den returnerte romfararen. Folk var ikkje i tvil om at dette var mannen som kunne skape lukke og velstand for heile verda si befolkning. I sin sentrale posisjon gjorde Herr Lunde sitt første enkeltvedtak. Herr Iver og Agent Arnesen hadde ikkje lenger lov til å setje sine bein på jorda. Herr Lunde lo godt i fleire minutt av sin gode idé. Herr Lunde var svært populær, og kunne velgja og vrake i alle verdas kvinner.


Dette kunne ikkje Herr Heggerud finne seg i. Han var blitt manisk aggressiv av å arbeide på det grusomme kattkraftverket som reinhaldsmedarbeidar og deltidsforskar. Over ein periode på i underkant av 8 år, var Herr Heggerud blitt forfremja til assisterande underledar for reinhaldsavdelinga. I løpet av den lange tida som snikforskar på si, hadde han funne opp eit nytt livsfarleg informasjonssystem, som skulle erobre verda. Herr Heggerud var klar for å presentere systemet på den internasjonale og prestisjetunge konferansen for intergalaktisk miljøvern og informasjonsmotorvegmodulering. Han stappa systemet opp i sin berbare kuffert, og la av stad mot G'staad, der konferansen fant stad. No gleda han seg til å kome vekk frå den einsame ørken, bort frå det fryktsamt grusomme Kattkraftverket, som nærma seg randen av ei miljøfarleg kattastrofe. Bort bar det, på veg til høg sigarføring, og rask kanapéeting. Men rett før den stolte Herr Heggerud skulle til å reise, traff han den gamle kjente frøken Umbrelli. Ho hadde akkurat kome frå ein svipptur innom Mars, og var på veg til Amazonas Kattkraftverk, avdeling Batmahatma, for å besøke sin kjære Herr onkel direktør Gaaztohl. Ho bar Herr Iver sin gamle mobiltelefon som eit kjært minne om ein heltemodig herre mellom sine sitrusfrukter. "Jammen flott mobiltelefon du har der!", flørta Herr Heggerud. "Jah, det er min gamle tennispartner Herr Iver sin", svarte den spenstige Umbrelli. "Akkurat det eg skulle til å seie", repliserte Herr Heggerud då han steig ombord i sitt private jetfly Airforce II, på veg til den interkontinentale konferansen i G'staad. Etter den korte samtale flaug frøken Umbrelli og onkelen, Herr onkel direktør Gaaztohl, og slekt og venner, til den rolige og vennlegsinna heimlandsbyen Jerusalem. Dei skulle ned for å feire jula, slik jødar har for vane.


Ved hjelp av heimkunnskapsførelesar Bente Ruundstucker sin ekstremkokekunst hadde den geniale Herr Iver kome seg opp i det opne verdsrommet over Mars, og hadde bygd sin eigen romstasjon av butterdeig. Her hadde Herr Iver ved hjelp av sine store kunnskapar i elementær-partikkelmusikk konstruert ein apparatur som utnytta måneenergien og genererte ein svært kraftig kraftstråle. Denne stilte han no inn med stor presisjon, og fjernlobotomerte Herr Lunde tilbake til toårsstadiet på ein blunk. Med eit lurt smil i skjegget sette no den flotte Herr Iver kursen mot Jerusalem, for å rekke ein avtale med den nærmaste familien på morssida, som han skulle møte for å feire jul. "Hm!", rauta Herr Iver brutalt.


Dette kunne ikkje Herr Lunde akseptere. Han sette seg ned på ein forlatt barkrakk, og undra over situasjonen. Han hadde, takka vere Herr Iver, kome tilbake til toårsstadiet. "Hm", tenkte han og tok ein gedigen slurk av glaset med Munkholm. Han kommanderte sitt astrallegeme til å velte seg i fyll og perversjonar. Den fjernlobotomerte Herr Lunde sat i sitt private kråkeslott, og følte ei dragning mot det maritime. Han hadde akkurat teke ein kraftig overdose av lyserg syre diethylamid surrogat, då han ringde for å tinge plass ombord på skipet til Hebron på Vestkysten. Brått ringte det på døra. Det var nabojenta som lurte på om Herr Lunde hadde lyst til å kome ut og leike. Det hadde Herr Lunde. Han iførte seg sin nyaste parkdres i glade fargar, tok med seg bøtte og spann, og hoppa lystig avgarde hand i hand med den fagre møy.


Spade og sand vart etterkvart kjedeleg for den geniale toåring, Herr Lunde. Han takka den fagra møy for hjelp og støtte. Han rakk såvidt skipet sitt. Den skumle Herr Iver skulle få svi for sine barnlege handlingar.


Herr Iver tok på seg den fallskjermen han lika best, og dalte sakte ned mot den heilage by. Etter ein halv time hadde Herr Iver løyst konflikta i Midtausten. Så gjekk han til Jerusalem Bar for å leskje strupen sin. Ved eit bord sat den storslagne Herr Lunde og drakk mjølk rett frå kartong. Han slengde den halvfulle kartongen midt i synet på Herr Iver. Herr Iver vart stiv av skrekk. Herr Lunde tvinga den lusne Iver til å stå og klage ved Klagemuren i fleire minutt, der han bad om forlating for sine usle handlingar mot Herr Lunde.


Agent Arnesen hadde gått lei av Mars. Han hadde sete på Mars i fleire år og drukke rød marsvin frå kartong saman med Bente Ruundstucker. Ho smurde ei solid niste av kanapé-restar, og ombord i eit stole romskip han la i veg til Hebron.


Lettsindig som Herr Heggerud var, hadde han kjøpt meir enn kvoten sin i taxfributikken, og vart kalla inn på bakrommet av tollarane på flyplassen i Jerusalem. Her gjekk han gjennom ein grundig kontroll av alle holromma i kroppen, og fekk bøter for fleire hundre kroner. Etter dette gjekk han straks til Klagemuren for å klage på skatten. Då dette var vel gjort, var Herr Heggerud blid og nøgd, og sette kursen mot hotellet, for å møte familien Gaaztohl og Umbrelli for ei hyggeleg julefeiring på tradisjonelt jødisk vis.


Vel ombord på det stolne romskipet av dårleg forfatning kom den gresk-ortodokse Agent Arnesen uforvarande bort i selfdestruct-knappen. Han var i den augneblink akkurat på veg gjennom stratosfæren, og dette medførte at Agent Arnesen måtte naudlande romskipet på Klagemuren med valdsam fart. Nistepakken hans av gamle fløytegratinerte kanapèrestar spratt ut av bagasjerommet, og landa i ørkensanden framføre dei femtusen svoltne flyktningane som sto og klaga og sytte ved muren, og metta alle saman. Brått tok klaginga slutt, og alle var glade og nøgde, og hoppa og dansa masurka rundt omkring romskipet og bar Agent Arnesen på hendene rundt om i byen. Ein ny Messias hadde ramla ned frå himmelen, med skitne underbukser, helsetrøye og pelslue. Agent Arnesen vart plassert i tempelet, og fekk med eit knips brakt til seg alle enkefruer og åleinefedre for felles hygge og nytte. Endeleg kunne Agenten tre ut av sitt sjølvpålagde ufrivillige sølibat, og nytte dei femtusen flyktningane som ikkje hadde smakt verken vått eller tørt sidan påske.


Den gamle og trufaste einbeinte flodhesten Eimar hadde gøymt seg i hanskerommet på romskipet til agent Arnesen. Svimmel og forkava, klatra han ut og hinka ivrig etter den store folkemengda for å finne igjen sin gamle herre, Herr Heggerud. Dessutan var han litt svolten etter åtte år som innestengd flodhest i hanskerom på romskip.


Forfattaren vil her kome med ei oppsummering av kva som har skjedd hittil i historia. Det er ikkje så mykje, men litt har skjedd. Agent Arnesen er på jakt etter Herr Iver og Herr Heggerud, som begge har geniale oppfinningar. Herr Lunde og Herr Iver har funne tonen, og er på pilgrimsferd til Jerusalem for å feire jula saman med den jødiske familien Gaaztohl og frøken Umbrelli. Den einbeinte flodhesten Eimar er på full fart inn i Jerusalem. Det er no klart for å presente den tredje og siste delen av denne spanande samtidsromanen, som handlar om korleis jødar feirar jul. Versågod:

Del III - Jerusalem - Julestemning ved Klagemuren.


"Ja no er det på tide å vakna!", kviskra den høflege flyvertinna inn i i Herr Heggerud sitt øyre. Trøytt og utsleten som han var, hadde han sove heile vegen frå G'staad."Øh. Gje meg ein dobbel whisky med is, før vi landar!", ropa Herr Heggerud uforskamma tilbake. Flyvertinna forklarte høfleg at flyet var på veg ned for å landet på flyplassen, og dessutan hadde han fått for mykje å drikke. Herr Heggerud vart gretten og raud som ein tomat, idét han festa sikkerheitsbelta sine. "God afton kjära kunder. Detta är kaptenen som talar. Vi ãr nu på vãg ned til Jerusalem by. Vär vennleg og festa den sikkerhetsbelt som heng og sleng. Temperatyren är nu ca. 30 grader. Ønsker de boande for natten kan vi anbefale Grand Jerusalem Hotel der ni vil få 500 bonuspoeng for varje dag ni stännar. Tack så mycket for resan og ha en fin kveld." Med desse ord avslutta den svenske flykapteinen den lange reisa frå G'staad til Jerusalem By.


Etter den uheldige episoden ved Klagemuren, hadde etterkvart Herr Iver tumla seg inn til byen Jerusalem. Han følte seg utsleten etter all klaginga. "Eg er sleten!", ropte han til alle dei jødiske innbyggjaran som nyss hadde fått auga på den langvegsfarande. Dei tok vel imot han, slik jødar har for vane. Herr Iver fann seg ein koseleg restaurant. Vel ombord på restaurant-huset "Den Danseglade Enkefru" fann Iver seg vel tilrette. Han fekk tilvist eit godt skjult hjørnebord, og slo seg ned. "Ein svart kaffi!", brølte Herr Iver faretruande til den allereie oppstressa kelneren som stod klar til å servere ein juletallerken til ein velkledd herre ved sidebordet. To straksar seinare var Iver allereie igang med kaffien sin. Men frå augnekroken kunne Iver observere den andre velkledde herremannen, som stirra mistenksamt på han. "Kva var det med denne velkledde herren?", tenkte Iver. Hadde han aldri sett nokon drikke svart kaffi før, eller var det rett og slett det smukke andletet som tiltrakk seg oppmerksomheita? Herr Iver vart lettare irritert, og rauta høgt til sidemannen: "Kva i Herrens namn er det du bestirer, din velkledde herre?" Den velkledde herremannen på sidebordet vart lettare fortumla, og mista juletallerken rett i fanget. Han kom tuslane bort til Iver, og kremta forsiktig fram eit svar: "Orsak meg, min herre, det var ikkje meininga. Eg syntest berre det var noko kjent med deg." Iver følte at han hadde situasjonen under kontroll. "Uss!", stønna han, og fortsette: "Det får heller gå for denne gang". Den velkledde herren presenterte seg som Tarjei Raud-Larsson, forretningsreisande i Midtausten. Han slo seg ned ved bordet til Iver, og dei konverserte høfleg. "God dag, mitt namn er Iver. Herr Iver", repliserte Iver.


Agent Arnesen følte seg som kongen på haugen. Han vart i skrivande stund bore på gullstol inn mot Jerusalem, av jublande menneskemasser. Han nytte kvar einaste millimeter av denne udiskutable suksess, som stadig gjentok seg sjølv. Druer og fikenblad, gullkjeder og marmor-plater. Alt det flottaste luksus dryssa over agenten, som ein fantastisk hemmeleg superhelt han var. Gløymt var alt, om spionplanar og oppfinninga til Herr Heggerud. Agent Arnesen følte at han passerte eit vendepunkt i livet. "Kva no?", tenkte Arnesen underfundig, tyggjande på eit fikenblad. Eit egyptisk kvinne masserte føtene hans med ribbefeitt.


Den smarte Herr Lunde var óg på veg inn i byen Jerusalem. Kva han ville der, var han ikkje sikker på. Det einaste han visste, var at han måtte få tak i frøken Umbrelli, som han hadde store gifteplanar med. Han hadde gått lei av tullpratet til dei andre herrane, og den sjølvgode agenten, i tidlegare delar av denne samtidsromanen. Frøken Umbrelli hadde dessutan stole mobiltelefonen hans, som han igjen hadde stole frå Herr Iver. Ho var på veg til Jerusalem saman med familen sin, Gaaztohl, for å ete den årlege julemiddagen, lutegris tilbredt på tradisjonelt jødisk vis. Men Herr Lunde visste ikkje at Herr Iver var i slekt med denne merksnodige familen.



No ville den einbeinte flodhesten Eimar få vere med i historia igjen. Han tykte at han ikkje hadde blitt nok nemnt. "Kanskje er det språket mitt?", tenkte han for seg sjølv. Eimar hadde fått tak i ei ordbok, og gjekk og las for seg sjølv, då han kom over eit interessant ord. Midt på handleplassen i Jerusalem, grynta Eimar ut: "Jehova, Jehova!" Han syntest dette ordet var skikkeleg underhaldande, og bestemte seg med ein gong for å lære det skikkelig. Men dette likte ikkje dei jødiske innbyggjarane. Dei starta med å kaste store kampesteinar på den sterkt førkomne flodhesten, som nettopp hadde lært seg språk. Til all ulykke, vart den einbeinte flodhesten Eimar steina til døde, midt på handleplassen i Jerusalem. Dessverre utelata óg denne episoden at hans namn ville bli nemnt ved seinare anledningar.


Like bortanfor den stygge nestenulukka, stod den kranglevorne Herr Heggerud og krangla pris med nokre tomatseljarar. Han skulle akkurat til å pruta meir, då han haurde sin gamle og trufaste ven, den einbeinte flodhesten Eimar sine fortrengde og kvalte skrik om hjelp. Heggerud kasta dei råtne tomatane på dei utspekulerte seljarane, og sprang så best han kunne mot gravplassen. Etter fleire timars steinrydding, fann han den sterkte utmatta einbeinte flod-hesten Eimar ligge langflat og flatklemt mellom stein og kampestein. "Usja meg, dette var jammen trist og leit", mumla Heggerud for seg sjølv. "Men han var jo så dyr i drift", la han til og avslutta med: "Det var eit evig pengemas med han heile tida. Like godt at det gjekk som det gjekk." Og det gjekk som det gjekk. "Det gjekk nå som det gjekk", mumla Herr Heggerud, og la ein blomsterstilk på gravplassen hans, og felte ei tåre. Rett før Herr Heggerud skulle til å forlata han, såg han ordboka som Eimar hadde kjøpt. Han tok den med som eit vondt minne om den glupske flodhesten.


I mellomtida hadde Herr Iver og den velkledde herren, Tarjei Raud-Larson, diskutert ivrig på kaféen "Den Danseglade Enkefru". Iver fortalde om livet sitt, og alle venane han hadde i midtausten. Han fortalde at han var komt for å feire jul med den jødiske familien sin. Men då Tarjei Raud-Larson høyrde dette, lo han godt i fleire minuttar. "Men jødane feirar jo ikkje jul!", lo han godt til Herr Iver. Det var tydelig at Herr Iver var lurt opp i stry. Kvifor hadde han, kvart einasta år reist til Jerusalem for å feira jula med den jødiske familien hans på morssida, familien Gaaztohl og Umbrelli. "Hm", tykte Iver. Dette var merksnodig. Men Herr Iver let seg ikkje stoppe. Han fortalde vidare om oppfinninga han hadde "lånt" av den forsvunne Herr Heggerud, og om reiseplanane til Irak. Etter nokre korte samtalar over mobil-telefon, hadde den velkledde herren Tarjei Raud-Larsen og Herr Iver løyst den svært ille konflikta som hadde pågått i Midtausten i fleire hundre år. "Takk for hjelpa, min gode ven", sa Raud-Larson til Iver, og inviterte han på Lauvtakkefest i heimen sin. Den snarrådige Herr Iver hiksta kjapt fram eit "Takk, men nei takk. Eg må nok kome meg avgarde til Irak." Den velkledde herren Tarjei Raud-Larson skjønna utmerket godt kva Herr Iver hadde i sikte, og gav han eit kart og forklarte han ein lur snarveg, via Saudi-Arabia. Iver takka høfleg for hjelpa, leigde ein splitter ny kamel, og drog med friskt mot inn mot ørkenen.


Den allereie nervøse Agent Arnesen var i ferd med å skjøna at noko var i ferd med å skje. Den store folkemengda, bærande med Arnesen på gullstol, svinga inn på illeluktande slette, med nokre store stolpar på. Arnesen trudde med det same at det var gamle telefonstolpar som stod og lufta seg, men innsåg augneblikkeleg at han tok feil. Stolpane var liksom forma som ein slags kross, og det hang klerestar på nokon av dei. "Kva er dette?", tenkte Arnesen for seg sjølv, idét han var slengd av gullstolen, rett på bakken. Dei sinte jødiske innbyggjarane la agenten forsikteg på ein liggjande kross, og nagla han fast i armar og bein. Av tradisjonen tru, har jødane venta på Den Store Messias si åpenbarring i over 2000 år. Då dei såg Arnesen sitt romskip krasjlande i Klagemuren, trudde dei at det var den nye Messiah, som var komen for å redde verda og bedømme jødane. Men dei avslørte den sleiske agenten då det ramla gamle sniglerestar og ribbefeitt ut av håret hans. Dei skjøna straks at dette var ein lurendreiar. No skulle han få si straff. Opp bar det, og ikkje mange minuttar seinare, hang den aldrande agenten og sprella med beina, langt oppe i ein telefonstolpe. Det gjorde vondt i armar og bein, og han klarte ikkje ta mobiltelefonen sin då den ringte. Dei aggressive jødiske innbyggjarane kasta gamle kanapérestar, ribbefeitt og sniglar på den dinglande agenten. Arnesen følte at situasjonen var komen ut av kontroll.


Herr Lunde var komen inn i byen Jerusalem, og befann seg traskande mellom beduinar og farisearar. Han tok livet med ro, og nytte den verdfulle tida si som ungkar. Sola skein umild, og temperaturen var til å ta og føle på. Herr Lunde kjøpte seg ein kald MacDonalds milkshake, og kjøpte eit lodd i den lokale lotteriverksemda Jerusalem Vinn-og-tap-med-samme-sinn-konkurranse. Lukka stod han bi, og han vann ein 8-arma lysestake som han fekk til odel og eige. Men kva i alle dagar skulle vel Herr Lunde med ein lysestake no, midt i jula? Herr Lunde tok premien under armen, og labba i veg mot uterestauranten "Den Danseglade Enkefru". Vel ombord på restauranten, traff han den gamle kjente frøken Umbrelli, og hennar onkel direktør Gaaztohl. "Ah, frøken Umbrelli formodar eg?", spurde Herr Lunde høfleg. Han hadde ikkje gløymt episoden ombord på romferja på veg til Mars.


Midt i ørkenen i Saudi-Arabia, måtte Herr Iver stansa opp for å gjera sitt fornaudne. Han parkerte den splitter nye kamelen ved ein oase, og steig utålmodig av. "Aaaahhh!", skreik han idét den fyrste strålen traff den tørre ørken sanden med valdsam fart. I den fjerne horisont kunne han såvidt skimte storslagne pyramidar, som sugde til seg vatn frå lufta. Han vandra nysgjerrig rundt oasen for å sjå etter kjentfolk. Der såg han det, eit svært telt. Han gjekk inn for å utforske, og traff ein valdsam olje-sjeik. Han sat i ein lenestol og såg på fjernsyn, medan han åt druer og levande sniglar. "Goddag, Herr Sjeik, mitt namn er Iver. Herr Iver", ymta Iver forsikteg fram. Den forvaksne kvitkledde oljesjeiken kvakk til, og skjønte før straks at her hadde han fått inn nokon som kunne ta frå han meir enn dei oppetne sneglane, som allereie på godt sneglevis var på full fart nedover i blindtarmen. Eg er komen inn i min eigen blindtarm, frykta den olje-sjeik, og fraus i den nybarberte ståpelsen sin. "Kven er du?" stotra olje-sjeiken fram på genivis og prøvde å få auge på enløps-totoms-trepistolen som hadde redda han ut av liknande farer før. Men denne hadde Iver med sine sleipe, drevne, lange, slangearmar allereie snappa til seg, og følte seg temmeleg trygg på at denne potensielle faren var ufarleggjort. "Eg ser ein sleip, slapp olje-sjeik som følar seg fortrengt inn i ei spådomkule," svara Iver på høfleg vis. Han ville terge, slik herrar alltid ser sport i når dei har avvæpna motstandaren og veit at dei har full kontroll og kan vere så frekke dei berre vil og maktar. Dette er ein sport dei trenar seg i i nattklubbane overalt i verda. Feige lag vil vi andre seie, og det er rett, men slik jobbar agentar. "Du vil no gje meg full oppvarting i fem-seks dagar med kost og losji og full sikring døgnet rundt så skal du få eit visdomsord av ein kjent, elegant, herre som no står i ditt billege establissement."


Etter det vellukka møtet med frøken Umbrelli, tok Lunde turen mot Klagemuren igjen. Han hadde gløymt lommeboka si ved klagemuren, då han tvang Herr Iver til å klage og syte det beste han hadde lært. Nesten framme ved klagemuren, fekk Herr Lunde sjå eit merkverdig syn. Ei stor kanin, kledd i ein flott dress, kom kjørande i ein bil langs riksvegen. Han stoppa høfleg for Herr Lunde, og spurde om han ville sitte på til Klagemuren. Kaninen presenterte seg høfleg for Herr Lunde: "Goddag, min Herre. Mitt navn er Fjone. Kaninen Fjone." Herr Lunde vart frå seg av glede, og ropte høgt og hjarteskjerande:"Hej! Hej! Herr Lunde her." Herr Lunde hoppa galant inn i bilen, og kaninen fortalde at han nettopp hadde rømt frå heim og kjerring, og var på veg til eit flott cocktailselskap ved Klagemuren. Kona var sint og sur, og knurra i sitt bur. Herr Lunde fortalte stolt om sitt heimland Norge, og alle dei spennande idrettskjendisane som kom derfrå. "Jostein Flo er ein veldig god fotballspelar frå Norge!", skrytte Herr Lunde sjølvsikkert. "Ingenting!", repliserte kaninen Fjone. Han likte godt å sjå fotballkampar, men likte dårleg norsk fotball. Han likte best Premier League. Kaninen baud Herr Lunde høfleg på ei gulrot: "Ei flott gulrot?" Herr Lunde svara høfleg: "Takk, men nei takk. Eg et berre fransk cognac. "Hå hå" Så lo dei godt i fleire minutt, før turen omsider var over. Vel ombord på Klagemuren takka Herr Lunde høfleg for turen, og sa: "Takk for turen, no skal eg jammen hygge meg!" Kaninen Fjone kommenterte "Ratta rei", og forsvant inni 50-sona og horisonten i ein valdsam fart.


"Hm!", sa Herr Heggerud. "Dette var jammen spanande." Med ordboka under armen gjekk Herr Heggerud mot den rasande folkemassen. Oppe på ein telefonstolpe såg han den likbleike agent Arnesen tilgrisa av ribbefett og kanapeèr. Agenten fekk auge på Herr Heggerud og ropte fortvila om hjelp. Herr Heggerud lo godt av agent Arnesen mens han undra på om han skulle hjelpe den gamle fienden eller om han skulle la han henge der til spott og spe. "Hjelper du meg skal finansiere ditt cognac forbruk resten av ditt liv", trygla agenten. Herr Heggerud som var ein dreven cognac-drikkar skøna raskt at her var det snakk om fleire mill kroner fordi Herr Heggerud alltid drikker den kostbare Hardy Perfection til 25000 kr flaska. Herr Heggerud slo opp i ordboka si og ropte til jødane at mannen på telefonstolpen måtte takast ned med ein gong eller så ville han vrenge dei med håret inn. Jødane vart stive av skrekk og lystra Herr Heggerud sine direkte ordrar. Agent Arnesen blødde fra armar og bein, men Herr Heggerud visste råd han tetta igjen hola med bomull og ribbefeitt. Så gjekk dei til Jerusalem Bar og Dancing for å leskja sine tørre struper. Herr Heggerud dunka skallen til agent Arnesen i mahogniplata for å få bartendaren si oppmerksomheit, deretter tinga han to flasker cognac. Agent Arnesen fell ei tåre då han så rekninga og måtte opp med sitt velbrukte VISA kort.


Herr Lunde stod ved Klagemuren og sutra over høge cognacprisar. Etter ein stund tørka han sine tårer og såg ei mann ved si side. Mannen hadde langt skjegg og tynne armar. Han stod og slo spiker i veggen på eit stort hus. "Eg er Herr Lunde" sa Herr Lunde. " Hmm", sa mannen og spurte om Herr Lunde ville vere med og gjere vatn om til vin. Herr Lunde var tørst og han hadde ikkje smakt vin på dagevis. "Du kunne ikkje fiksa litt cognac istaden ", sa Herr Lunde. "Hmm, kanskje det", sa mannen, "det må vi prøve". " Kom", sa Herr Lunde,"vi går til Jerusalem Bar og Dancing." Vel framme i baren tinga Herr Lunde to glas vatn og sette seg ned ved eit bord. Så drakk dei cognac og hygga seg i fleire minutt. Mannen som ikkje var så van med cognac som Herr Lunde kom raskt i godt humør og han gjorde fleire triks mens dei andre i baren lo godt. "Øhh" grynta mannen til to framande som sat ved baren. "Kom til vårt bord og drikk gratis cognac ". Agent Arnesen likte godt dette tilbodet, han var lei av å spandere på Herr Heggerud. Så sat dei der fire vaksne menn og heiv i seg cognac i mengder som ingen i heile Israel hadde sett makan til på hundrevis av år. "Du skulle vel ikkje ha sett Herr Iver?" sa Herr Heggerud til mannen. Herr Heggerud forklarte mannen korleis Herr Iver såg ut. "Aah, den berømte Herr Iver!" brølte mannen så høgt at bartendaren knuste ein nyopna kartong med melk. "Eg hadde den ære å gå i same klasse som den legendariske Herr Iver i forming på ungdomsskulen. Der hadde vi jammen mykje moro! Eg hugsar ein gong vi hekla gryteklutar med særs grove motiv på, og mora oss på lærerinna si bekostning." Sjokkert over denne nyheita sette Herr Lunde ein diger bit Konjakk i halsen, og byrja å sutre og klage. Herr Heggerud skjøna straks at her måtte noko gjerast, og gav Herr Lunde ein kraftig øyrefik. Knapt har det lugubre selskapet kome over denne sjokkerande eventen, før Herr Iver kom stormande inn i baren. Han hadde nettopp funne tilbake til sivilisasjonen etter å ha sprunge rundt i ring i fleire månader ute i ørkenen fordi kompasspriten hans var drukken opp av ein gjeng bøllete beduinar. Herr Iver var framleis svimmel etter all ringgåinga, og registrerte ikkje dei sleiske herrane som sat og drakk konjakk og slabba på duken. Bartenderen opna ein heilt ny kartong med kompassprit, og gav den takksame Herr Iver påfyll utan å blunke. Herr Iver, no med eit nypåfylt kompass, styrta ut av Jerusalem Bar og Dancing med eit haleheng av begeistra unge damer som hadde observert hans profesjonelle omgang med orienteringutstyr. Herr Lunde, Heggerud og Agent Arnesen sveitta det beste dei hadde lært, etter nesten å ha vore i nærkontakt med den farlege Herr Iver. Ingen av dei sa eit ord på fleire timar.


Dei to herrane og den usle agenten var etterkvart blitt temmeleg fulle. "Eg er lei av Jerusalem", rauta Herr Lunde. Herr Heggerud nikka samtykkande. "I Bergen e det damer over alt" ropte Herr Heggerud. Med eit stod Herr Iver i døra. Han hadde ikkje kome seg lenger fordi han var blitt overfalt av damene som fulgte han. Herr Iver som ikkje visste korleis ein skal takle damer var blitt livredd og hadde snudd for å søke hjelp av damekjennaren og sjarmøren Herr Lunde. Iver drog fram sin avsagde krag og retta den mot den vetskremde kelneren og trua til seg heile dagsoverskotet på fleire tusen. I alt kaoset som fulgte nytta Herr Heggerud og Herr Lunde sjansen til å tøma i seg eit par flasker cognac utan å betale. På grunn av situasjonen som Herr Iver hadde satt i gang, og et par flasker dyrebar gratis cognac innabords, rann det fullstendig over for dei aldrande herrane Lunde og Heggerud. Herr Heggerud byksa med eit valdsamt byks oppå bardisken, og skreik: "Nuh er det nuk! Vi har komt for å løyse konflikta i Midtausten, og kva er takka? " Herr Lunde var med på Herr Heggerud si tale, og tvinga dei kranglevorne gjestane til å putte alle lommebøker, juvelar, gull og mobiltelefonar oppi ein svær søppelsekk som han hadde funne fram. Herr Iver gliste sleiskt frå døra, med sin avsaga krag. Han hadde kontroll over situasjonen, for første gang i livet sitt. I mellomtida hadde Agent Arnesen sneke seg ut på den folkefylte gata, og praia ei piratdrosje. Den stod klar og venta til dei tre herrane hadde fullført det nøye gjennomtenkte ranet av Jerusalem Bar og Dancing. Herr Heggerud vart heilt vill og gal, slik som han alltid pleier, og velta møblar og knuste flasker inne i den lugubre bula. "Ah. ", grynta Herr Heggerud. "Øh.", rauta Herr Lunde. "Farvel, farvel", brølte Iver faretruande, og la i veg motpirat drosja som stod og venta, med agenten i. Herr Heggerud hoppa inni foran, og brølte med ei fryktinngytande kraft til den lett tilbakeståande sjåføren: "Bergen! Til Bergen! "


Del IV - I Bergen er det damer


Forfattaren vil med desse ord ynskje velkomen til den fjerde og siste delen av denne flotte boka. No er spenninga til å ta og føle på, nesten meir spanande enn i førre del. Kva skal Iver ta seg til i denne delen tru? Våre utsletne heltar har i mellomtida forflytta seg frå Jerusalem til Bergen, kor det forøvrig kryr av damer. Alle hendingar i Jeusalem og tidlegare handlingar er gløymt. No står Vestlandets hovedstad for døra, klar til å bli lagt i ruinar av dei tre aldrande herrande og den lusne agenten. Velkomen til: "Bergen!"


"Bergen!", grynta Iver så alle dei våte bergensarane skvatt og mista paraplyane sine. Iver hadde aldri vore i denne flotte byen før, og han gleda seg til å besøke akvariet. Men først måtte dei dresse seg opp litt. Kleda deira var utsletne og fulle av kanapêrestar etter alt tullet i Tropene og Jerusalemn. Agent Arnesen hadde eit stort kontaktnett innan konfeksjons-industrien, og geleida dei tre herrane høfleg til ein ekslusiv klesbutikk. Herrane entra galant butikken, og fekk umiddelbart servert sjampanje og kaviar på sølvfat av lettkledde bergenser-damer. Agenten knipsa verdsvant med fingrane, og tinga fire svarte konfeksjonsdressar med hatt og bergensbunad til. På eit blunk var butikksjefen tilbake med dei flottaste, nyaste og dyraste dressane han hadde. "Nej!", sutra Iver, "Eg vil ha den lyseblå dressen her." Han peika på ein matrosdress som hang på ei utstillingsdukke. "Hm", sa butikksjefen. "Makan til tulling", tenkte butikksjefen for seg sjølv, og gav Iver den trange matrosdressen. Iver fekk kvite sokkar og tresko til, i tillegg til ein flott Ole Brumm paraply i grelle fargar. Glade og fornøgde, rusla dei tre herrane og agenten ut av butikken, utan å betale. Alle iført svart dress, utanom Iver som hadde lyseblå matrosdress med kvite sokkar og tresko. Dei var klare, klare for å sleske seg inn på lettkledde bergenserdamer.


"Her luktar det brosme!", gaula Iver. Herr Iver sprang av garde mot fisketorget for å sikre seg brosme. Iver rava frå bod til bod, på jakt etter brosme. Han peika på fiskane og brølte fartruande: "Er dette brosme?". "Nei dette er reker", svara den lettkledde bergensardama bak fiskeboda. "Så finn ei brosme", brøla Herr Iver. Så fikk Herr Iver brosma si og tok den i lomma på dressen sin og gjekk utan å betale.


"Nu må vi ha cognac!", sa Herr Lunde. Herrane gikk til nærmaste bar for å tøme i seg brennevin av edlaste sort. Dei tok plass i kvar sin stol ved eit stort mahognibord og slengde sin bestilling ut til ein kelner som gjekk forbi. Herr Iver tok opp sin ferske brosme og byrja å gnage på sporen mens han slurpa i seg cognac. Den erverdige hovmesteren gav Iver eit olmt blikk og sa i ein høfleg tone :" Man spiser ikke medbrakt brosme på denne restaurant". Iver vart frå seg av sinne og slengde brosma rett i synet til hovmesteren. "Da tar eg ein Bache Gabrielsen cognac i staden", sa Iver surmulande i sin nye matrosdress. Dei andre herrane og agenten lo godt av Iver medan dei sølte cognac på dei dyre persiske teppa.


To sekund etter kom atter butleren bort til bordet deira. No hadde han med seg ein flott drink med paraplyar og stjerneskot og ribbefeitt på. Den var til Herr Iver. «Frå frøkenen der borte,» sa kelnaren og peikte på eit bord borte i hjørnet. Der sat ein liten og nett skapning og vinka av alle krefter til Iver. Herr Iver vrengde av seg matrosdresen i ein fei, og tok på seg dresen til Herr Lunde, som vart sitjande att naken og sutre for seg sjølv medan Herr Heggerud og Agent Arnesen lo av han. Herr Iver sette seg elegant ned ved bordet til frøkenen, som viste seg å vere Maria Umbrelli si veslesyster, Bertha Umbrelli. Bertha og Herr Iver sprang straks ut av restauranten. Lur som Herr Iver var hadde han telepatert til ein drosjesjåfør som sto klar og venta på dei, og køyrde det beste han hadde lært mot fløibana. Dei inkontinente Herrane Lunde og Heggerud og Agent Arnesen fekk panikk, og sprang etter, men Heggerud og Arnesen måtte vente på Herr Lunde, som snubla i matrosdresen sin som han hadde fått av Iver. Brått kjende Herr Lunde lukta av kalde kanaperestar, og drog dei andre med seg inn på Cato's Canapebar. Der vart dei sitjande, og sit der truleg den dag i dag.